Valg 2015

20. juni, 2015

flowers 134

Miljøpartiet dei grøne Orkdal har eksistert sia hausten 2014. Før det var partiet ein del av Skaun Orkdal og Meldal MDG, som ikkje finst lenger i dag. Vi splitta oss for å kunne stille liste til kommunevalet i 2015, men samarbeider framleis med naboane våre.

Partiet står for den same politikken som MDG nasjonalt, tilpassa lokale forhold. Vi tar utgangspunkt i prinsipprogrammet og henter inspirasjon frå arbeidsprogrammet. Det ferdige programmet for MDG Orkdal i den kommande perioden finn du her: Valgprogram langt Orkdal MDG 2015-2019

Styret består av Gjertrud Berg (leiar), Carl Erik Skjølberg (nestleiar), Kristin Amundsen (sekretær) og Mari Vold (kasserar). Det vil komme ein meir detaljert presentasjon av kvar av oss snart.

Våre kandidater til valget 2015:

  1. Gjertrud Berg
  2. Carl Erik Skjølberg Nielsen
  3. Mari Vold
  4. Bengt-Are Barstad
  5. Kristin Amundsen
  6. Liv Ellen Vold
  7. Herbjørn Jenssen
  8. Mariann Hammervold
  9. Tonje Elizabeth Nilssen
  10. Toril Herdis Strand Øiaas

Er det noko du lurer på? Send e-post til orkdal@mdg.no